Kva hadde reiselivet vore utan dei små gründerselskapa?

Så takknemleg eg er for at nokon vil driva den vesle kaféen, på den vesle staden som eg besøkjer ein tilfeldig dag i juli.

Så takknemleg eg er for at nokon byggjer feriehytter, som eg kan leiga i ferien min, når det passar meg.

Så takknemleg eg er for at nokon har planlagt båtturen for meg, investert i båtar og lært opp flinke folk, før eg i det heile teke har tenkt noko på å dra dit båten er.

Det er noko fint ved det å bli møtt med nymåla stolar, eit lite bord, gjerne med ein nøye utvald blomst på. Alt omtenksamt plassert utanfor døra til den vesle, lokale kaféen. Her er vi velkomne, her er det nokon som ynskjer at vi skal kjenna oss som heima, tenkjer eg.

Det er ikkje sikkert at det er stor trafikk av gjester gjennom kafédøra kvar einaste dag gjennom sommaren, i alle fall ikkje no med restriksjonar som ein del av kvardagen.

Likevel er det nokon, dei er mange, som driv små verksemder på små bortgøymde stader i påvente av at gjester skal finna vegen til dei og få oppleva staden deira. Ein stad som betyr noko for dei, noko som vi, gjestene, kan få ta del i om vi vil.

Eg tenkjer på korleis det hadde vore å koma til ein slik stad, dersom kaféen var stengd. Stolane og bordet var borte, blomsten likeså. Og ikkje minst folka, dei som skulle ta imot oss, med smil, historiar og gode lokalproduserte varer, dei var ikkje der lenger.

Tenk om eg ikkje kunne overnatta på ein lokal overnattingsstad. Eller kva om ingen ville bry seg med å ta jobben og tenkja ut ein fantastisk båttur, båtane var borte og hamna nesten tom.

Ville eg dra til den staden og stoppa der? Ville det vera ei oppleving som eg ville fortelja vener og kjende om?

Nei, eg ville dra raskt vidare til neste stad, til nabobygda, dersom det var ein neste stad å besøkja. Det er det ikkje sikkert at det ville vera.


Frå idé til lansering

Det betyr noko, det betyr i realiteten svært mykje, at nokon tek initiativ, satsar og realiserar gründeridéen sin. Eg har alltid hatt stor respekt for den innsatsen som blir lagt ned av gründerar. Å satsa på ein idé, utvikla, testa, endra kurs, skaffa finansiering, marknadsføra, selgja – alt dette er oppgåver som må løysast av gründaren, som i tillegg må setja seg inn i regelverk, avtalar, tilskotsordningar osv osv.

Ein stor innsats vert lagt ned før eit produkt eller ei teneste endeleg kan lanserast i marknaden. Og då startar, etter mi erfaring, ein ny etappe. Oppfølgjing av marknaden, dialog med leverandørane, samarbeidspartnarane osv Dei færraste gründerane har eit stort team med seg frå dag ein. Difor må ein nytta kompetanse og nettverk som ein har tilgang til rundt seg, som sitt «team». Det finns heldigvis god hjelp å få både frå private og offentlege aktørar, både lokalt, regionalt og nasjonalt, som dei fleste gründerar kan nytta seg av. Å få hjelp til å sjå «det store biletet» og stilla seg dei riktige spørsmåla, slik at ein tek gode val tidleg i utviklingsarbeidet betyr noko. Å retta opp og gjera store endringar etter at eit produkt er lansert, kan fort bli dyrt og arbeidskrevjande.

Gründerar skal heiast fram. Vi treng dei, no og i framtida. Lat oss alle, frå kvar vår ståstad, enten som kundar, leverandørar, samarbeidspartnarar eller kompetansemiljø bidra med det vi kan.

Såleis er vi mange som kan bidra til utvikling av nye produkt og tenester der vi bur eller på stader som vi besøkjer.


Sommaren 2021

Sommaren i fjor var spesiell.

Denne sommaren er også spesiell. Vi veit ikkje enno heilt korleis det blir.

Difor er mi oppfordring til deg som les dette.

Støtt opp om dei som driv den vesle kaféen. Ta ein båttur, leig deg eit rom og overnatt til neste dag, eller kanskje ei natt ekstra. Ta eit bilete og fortel omverda kva som finns av magiske naturopplevingar, koselege kaféar og overnattingsstader på bortgøymde perler i vårt nydelege land.

Vis at du set pris på og støttar dei som legg til rette for oss, slik at vi kan koma på besøk, bli tatt godt imot og kan dra vidare, når vi ynskjer det, til neste stad.


God sommar!


177 visninger0 kommentarer
 
 
.color_11 { color: red !important; }