Framtida jobbar me for i dag

Coronatida har endra liva våre.

Me gjekk frå full fart til bråstopp over natta.


På sett og vis kom samfunnet i gang igjen etter fyrste runde med restriksjonar i vår. Så vart det plutseleg bremsen på igjen i haust. Nye restriksjonar, redusert etterspurnad etter varer og tenester. For mange menneske er dette ein svært dramatisk situasjon.

Ein situasjon me ikkje veit omfang og varigheita av. Det er det berre historien som kan fortelja oss, ei gong i framtida.

Mitt fokus er på bedriftene og arbeidsplassane, som me er avhengige av for at samfunnsmaskineriet skal fungera.

Me kan ikkje sitja i ro og venta på at situasjonen skal bli betre. Me må gjera det me kan i dag for å forma det som skal bli vår nye kvardag.

Kvar begynner me? Kva spor skal me velgja?

Den ekstraordinære situasjonen for mange bedrifter, både små og store frå ulike bransjar, krev at me må tenkja nytt. Ja, på sett og vis, må me rykkja tilbake til start, for så der å tenkja over

Kva skal me leva av no og i framtida?

Kva skal me bidra med til våre kundar?

Korleis vil kunden sine kundar opptre framover?

Kva skjer med samarbeidspartnarane våre?

Kva vidarefører me av dei produkta og dei tenestene som me hittil har levert?

Korleis kan det me er gode på i dag nyttast slik at det opnar nye moglegheiter for oss framover?

Spørsmålslista kan og bør bli lengre enn dette. Men, kort sagt, korleis førebur me oss på den nye kvardagen?

Det er ikkje så enkelt å finna dei gode svara på desse spørsmåla heilt åleine. Men ein ting er rimeleg sikkert, utset ein å finna ut meir av dette, kjem framtida fort brått på.

Plan A og B, kanskje også C og D?

Bruk Coronasituasjonen til å setja spørsmål, som t.d. dei skissert innleiingsvis, på dagsorden i di bedrift, om du ikkje allereie har gjort det. Om du har ei lita eller større bedrift, så ha utvikling på agendaen. Eg skjønar at for mange er det meir enn nok å koma gjennom kvardagen. Men likevel, tenk over at det treng ikkje å vera store prosessar som skal setjast i gang. Begynn i det små, men legg forholda til rette. Her er me i dag, men kvar skal me vera i framtida? Kva må me gjera for å koma dit?

Ressursar

Etablerer du samarbeid og involverer du tilsette og partnarar på tvers av f.eks. roller, kompetanse, og erfaring er det plutseleg mange som engasjerer seg i bedrifta si framtid.

Belønner ein gode idéar, spørsmål og innspel skapar ein engasjement.

Engasjerer ein seg, bryr ein seg og det skaper fort resultat.

Leiter me etter moglegheiter og ser me på kvarandre sin kunnskap og erfaring som ressursar, har ein eit bra utgangspunkt.

Heimekontor – bortekontor – workation

På grunn av coronasituasjonen, har me på kort tid lært oss å jobba endå mer digitalt. Å rigga seg til med datamaskin, printar, telefon, headset og det som høyrer med på eit heimekontor etablert i eiga stove, har for mange blitt ein del av arbeidskvardagen. Mange arbeidsoppgåver kan løysast slik og det er trygt å erfara at møter kan gjennomførast sjølv om ein ikkje kan møtast fysisk.

Så kan ein lengta etter fredagskaffien på jobben, der me avsluttar ei arbeidsveke med gode kollegaer over ein kopp nytrakta kaffi og hyggeleg prat.


Uansett, coronatida har lært oss å jobba på nye måtar. Å jobba heima har blitt ei etablert ordning.

Men, det finns endå meir spennande alternativ enn heimekontor. Kva med å dra på Workation eller leiga eit bortekontor? Dette var for meg inntil nyleg eit ukjent begrep. Men, så genialt det er! Ein kan kombinera jobb med ferie utan å dra på ferie. Ein kan reisa åleine eller saman som team.

I Solund finn du eit slikt tilbod, med mange moglegheiter. Les meir om det her:

www.workationinnorway.com

Nye moglegheiter

Det nærmar seg jul og eit nytt år står for døra. Førjulstida er gjerne ei tid der varer skal leverast, oppgåver avsluttast og rapportar skal skrivast. Før me tek juleferie ryddar me kanskje litt ekstra på kontoret. Det er ei god kjensle å kunna starta det nye året med ryddig kontorpult, med plass til nye prosjekt, og ein plan klar for kva spor ein skal fylgja i arbeidet for å nå mål. Eit spor å fylgja kan vera det som fører oss nærmare svara på spørsmåla skissert innleiingsvis.


Nytt år innebær nye moglegheiter. Grip desse saman!


God Jul og Godt Nytt År!


120 visninger1 kommentar

Siste innlegg

Se alle
 
 
.color_11 { color: red !important; }